Revision History
Revision $Revision: 2438 $ 2007-11-18 kost

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Forgrunnsfargen etter bruk av filteret “Kantgjennomsnitt


Dette filteret finn ut kva for farge som er den mest brukte rundt kantane av biletet og legg denne fargen som forgrunnsfarge i verktøykassa. Dette filteret kan vere interessant når du har bruk for å finne ein bakgrunnsfarge som avvik minst mogleg frå biletfargen, t.d. for ei nettside. Bruken av filteret blir ikkje registrert i angreloggen og kan heller ikkje angrast på andre måtar.

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarInfoKantgjennomsnitt

Innstillingane for filteret Kantgjennomsnitt

Kantbreidde

Du bestemmer her Breidde på ramma i pikslar eller andre måleeiningar etter val.

Talet på fargar

I bøttestorleik bestemmer du kor store bøtter, eller malingspann om du vil, som skal brukast for å finne gjennomsnittsfargen. Vel du store bøtter, vil kvar bøtte innehalde farge som er sett saman av fleire fargar som liknar på kvarandre. Vel du i staden å bruke små, men mange, bøtter vil kvar bøtte ha reinare farge. Dette gjer at utrekninga av gjennomsnittsverdien blir meir nøyaktig. Eit meir nøyaktig resultat treng likevel ikkje vere det same som eit betre resultat. Sjå eksemplet nedanfor.

Originalbiletet

Fargane er: rein raud (255;0;0), rein blå (0;0;255) og ulike grøntoner (00******;11******;00******).


Talet på fargar er sett til 8:

Resultatfargen blir raud (254,2,2).


Den vanlegaste fargen i biletkanten er rein raud (255, 0, 0). Sidan det her er brukt små bøtter, vil dei ulike variantane av grønt bli sett på som ulike fargar og ikkje som ulike grøntoner. Resultatfargen som blir lagt inn som forgrunnsfarge i verktøykassa blir nesten rein raud (254, 2, 2)..

Talet på fargar sett til 64:

Resultatfargen er grøn (32,224,32)


I dette eksemplet er det brukt store, og difor få, bøtter. Filteret ser bare på dei to mest signifikante bits for kvar farge. I dette tilfellet blir grønt (0-63,192-255,0-63) den fargen det er mest av, og gjennomsnittsverdien, slik det kjem fram i verktøykassa, er difor grønt (32,224,32).