Revision History
Revision $Revision: 2429 $ 2008-02-15 kost

Symbolet for verktøyet den intelligente saksa i verktøykassa

Den intelligente saksa” er eit interessant stykke verktøy. Ho kan likna litt på “lassoen”, men har også ein del av eigenskapane til baneverktøyet, i tillegg til noen som er spesielle for dette verktøyet. Saksa er særleg nyttig for å velje ut område som er avgrensa med sterke fargekontrastar. Når du bruker saksa, klikkar du av for eit sett med “kontrollpunkt” rundt kanten av det området du ønskjer å velje ut. Saksa vil setje opp ei kurve som går gjennom desse kontrollpunkta. Mellom desse punkta vil kurvafølgje mest mogleg dei fargekantane som måtte finnast. Dersom du er heldig, vil dette også vere konturen av det området du ønskjer å markera.

Kvar gong du venstreklikkar med museknappen, set du av eit kontrollpunkt. Dette blir bunde til det førre kontrollpunktet med ei kurve som prøver å følgje fargeskilnadane i biletet. For å avslutta, klikkar du på det første punktet. (Markøren endrar utsjånad for å vise at du har funne det første punktet). Du kan justera kurva ved å dra i kontrollpunkta, eller setja inn nye punkt. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du ein eller annan stad innføre området for å lage kurvene om til eit utval.

Diverre ser det ut til at intelligensen til sakasa er nokså avgrensa. Kantføljingslogikken fungerer ikkje alltid heilt slik han er tenkt slik at utvala til sine tider kan bli nokså dårlege. I slike tilfelle kan det vere lurt å slå over til snarmaske og bruke teikneverktøya på problemområda. Ofte vil kanskje baneverktøyet vere meir brukbart enn saksa, sjølv om det ikkje har den “intelligente” kantfinningslogikken som saksa har. Banane står der til du fjernar dei, og kan bli endra når du har behov for det.

Du kan hente fram dette verktøyet på tre måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaIntelligent saks,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykke på tasten i.

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

Som sagt tidlegare, bestemmer du kvar utvalet skal vere ved å klikke inn punkt på ønskte stader. Medan du er i ferd med å lage markeringa, vil markøren til vanleg vise eit saksesymbol saman med eit pluss-teikn. Du kan då klikke inn nye punkt eller flytte på eksisterande punkt, unntatt det første og det siste. Du blir minna om dette ved at markøren bytter ut plussteiknet med eit flyttesymbol når han er over eit punkt du kan flytte på. Klikkar du på det siste punktet blir det laga eit nytt punkt. Klikkar du på det første punktet, blir markeringa lukka. Når peikaren er over det første punktet blir plussteiknet bytt ut med ei banner. Når utvalet er lukka, vil markøren vise ei saks når han er innføre markeringa. Utføre markeringa viser markøren eit forbodskilt for å vise at her kan du ikkje gjere noe som helst. Klikk på linja eller eit av dei eksisterande punkta for å finjustera. Når alt er som det skal vere, klikkar du på innsida av marleringa for å gjere ho om til eit utval.

Det er bare råd å lage eitt utval på denne måten. Prøver du å lage ei ny markering, vil det første utvalet forsvinne når du omformar den andre til eit utval.

[Warning]

Ikkje klikk innføre området før du er sikker på at markeringa er slik du vil ha ho. Angreloggen registrerer ikkje kvart enkelt klikk. Klikkar du på “angre”, blir du ført tilbake til biletet slik det var før du byrja å bruke saksa, og du må begynne heilt frå nytt igjen. Klikkar du deg over til eit anna verktøy, vil også alle punkta du har prikka inn forsvinne. Du kan likevel omforma markeringa til ein bane og arbeida vidare på denne med baneverktøyet.

Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval.

Verktøyinnstillingane for Den intelligente saksa

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.

Modus, fjørkantar

Desse er omtalte under felles innstillingar for utvalsverktøya

Vis interaktiv grense

Dersom du har aktivert dette valet, vil GIMP vise ruta som grensemarkeringa vil ta frå det førre markeringspunktet og til det nye. Dersom dette valet ikkje er aktivert, vil GIMP vise ei rett linje frå det førre markeringspunktet og til det nye. Først når du slepp museknappen vil den valde grensa bli markert. Dersom du har ein treg maskin og store avstandar mellom kontrollpunkta, kan det vere litt hjelp i å ikkje aktivisere dette valet.